Det var ikkje brent jords taktikk - Ingunn Elstad

Tittel Start Slutt Kategori Arrangør Kommune Sted Tittel Det var ikkje brent jords taktikk - Ingunn Elstad Start mandag 10. mai 2021 19:00 Slutt 10. mai 2021 Kategori Kurs/ForedragArrangør Sortland Museum i samarbeid med Sortland bibliotek Kommune Sortland Sted Møysalen - Kulturfabrikken Les mer

mandag 10. mai 2021 19:00 Kurs/Foredrag
10.05.202119:00 Mona Dahl

Fakta

Dag 1 10. mai 2021 19:00Kategori Kurs/Foredrag Arrangør Sortland Museum i samarbeid med Sortland bibliotek Kommune Sortland Sted Møysalen - Kulturfabrikken

Professor Emerita ved Universitetet i Tromsø, Ingunn Elstad, vitjar Sortland Museum og Sortland bibliotek for å fortelje om tvangsevakueringa fra Finnmark med utgangspunkt i boka hennar «Tvangsevakueringa». Vi får òg høyre om opplevingane til Odd Lillejord, som saman med familien sjølv vart tvangsflytta til Vesterålen. Det er 77 år sidan tyske styrkar tvangsevakuerte befolkninga og brente storparten av Finnmark og Nord-Troms, på særskilt befaling frå Hitler. Landet skulle gjerast folketomt. Småbarnsfamiliar og gamle vart fanga inn med våpenmakt. I dag stiller fleire spørsmål om korfor det vart gjort. Operasjonen har vore forklart som «den brente jords taktikk», men hadde lita eller inga militær meining. I boka «Tvangsevakueringa» som kom i haust, blir tvangsevakueringa forklart som ei krigshandling mot den sivile befolkninga. Hitler ville halde dei under kontroll også etter at okkupantmakta hadde trekt seg ut av Finnmark og Nord-Troms. På kort varsel måtte sivile styresmakter og det sivile samfunnet sørge for transport og mottak av 50 000 heimlause som hadde tapt alt. Vesterålen tok imot svært mange tvangsevakuerte, særleg frå Nord-Troms. Historiene deira er med og kastar lys over det som skjedde. Odd Lillejord, bosatt på Myre i Øksnes var eit år gamal i 1944 da familien hans vart evakuert frå Finnmark. Hendinga skulle få dramatiske, livslange konsekvensar for den vesle guten og familien hans. Odd fortel om tvangsevakueringa, slik den har blitt fortalt han, og om jakta på ein tapt familie langt inn i vaksenlivet. Foredraget er eit samarbeid mellom Øksnes Museum, Sortland Museum og Sortland bibliotek. Foredraget i Alsvåg er laurdag 8. mai kl. 12.00. Foto: Båten på bildet heiter RS Storebrand og blei brukt til å frakte evakuerte til Øksnes. BOKSAL ETTER FOREDRAG Tilhøyrarar som ynskjer å kjøpe Ingunn Elstad si bok «Tvangsevakueringa» får moglegheit til det etter foredraget. Den kan òg kjøpas i museumsbutikken seinare. Boka kostar kr 399,-. INNGANG: Inngang kr. 100,- for vaksne, gratis for barn og unge. Billett kjøpas i museumsbutikken i timen før foredraget starter. Namn og telefonnummer registreras ved framkomst i fall det vert behov for smittesporing. Gjestelista oppbevarast i 10 dagar og makulerast deretter. Varighet: 1 time 30 minutter Arrangør: Sortland Museum og Sortland bibliotek

Informasjon

Ansvarlig for kulturkalenderen er kulturkontorene og Kultursamarbeidet i Vesterålen. Redaktør for den regionale kulturkalenderen er Margrethe Berntsen som kan kontaktes på mail-adresse: kulsam@vestreg.no eller på telefon: 76 11 15 00.

Lag og foreninger som ønsker å publisere arrangementer i kulturkalenderen bes kontakte kulturkontoret i egen kommune innen den 20. i måneden før den aktuelle måneden, eller meld inn her:

Meld inn kulturarrangementer her.

For arrangører som ønsker å melde inn arrangementer til egen kommune, kan de bruke følgende mail-adresser/ telefonnummer:

Innmeldinger til kulturkalenderen: Mailadresse: Tlfnr til kommunens sentralbord:
For innmeldinger i Andøy postmottak@andoy.kommune.no 76 11 50 00
For innmeldinger i Bø post@boe.kommune.no 76 11 43 00
For innmeldinger i Hadsel postmottak@hadsel.kommune.no 76 16 40 00
For inmeldinger i Sortland postmottak@kulturfabrikkensortland.no
For innmeldinger i Øksnes postmottak@oksnes.kommune.no 76 18 50 00